blair_gadaffiEin frigjeringsvind sveiper i desse tider over dei arabiske landa. Folket i Tunisia, Egypt og Libya har vist at den revolusjonære æraen ikkje er slutt. Gamle borgarlege diktatur, halvføydale i karakteren, fell over ende – dei har aldri bygt på stønad frå dei arbeidande massane, men frå supermakter og vestlege stormakter. Den styrande klassa har levt eit luksusliv medan underklassa, byarbeidarar og fattigbønder, har sliti seg gjennom på sveltegrensa. Stigande råvareprisar og veksande motstand med Vestens imperialisme er grunnlaget lagt for opprør og revolusjonar.

Me vonar at folket ikkje nøyer seg med å byta ut ein eineherskar med eit nytt diktatur kledd i parlamentarisk drakt. Heller ikkje islamistane kan by fram eit styresett som peikar framover. Vonleg kan opprørarane greia å sameina den heimlege revolusjonen med ideala frå sosialismen. Striden står no mellom folkedemokrati, eit nytt demokrati med parlamentarisme og borgarleg diktatur, eller islamisme. Imperialistane vil gjera alt dei kan for å stela sigrane folket har vunni.

rice_gadaffi

Det er no uvisst kva som vert utgangen i Libya. Gaddafi har styrt landet i meir enn 40 år. Den smule sosialisme han freista på, med nasjonalisering og nedbyggjing av sentrale statsorgan, er for lenge sidan oppgjeven. Gaddafi er ein politisk kameleon som like gjerne spelar på lag med Berlusconi og storkapitalistane. Vestlege kapitaleigarar som har investert tungt i Gaddafis Libya, går no og skjelv for framtida. Me vonar folket i Libya ikkje berre sender Gaddafi dit peparen gror, men òg tek attende det som eineherskaren har selt ut av landet. Venteleg må opprørarane snart slåst mot amerikanske soldatar som kjem for å halda "fred og ro" i landet, dvs. stela olja.

Vedteke av KPmls årsmøte 2011.

Personvernmelding