Stoda i Europa hundre år etter krigsutbrotet er på mange vis forbausande lik som tidleg på 1900-talet. Det hastar med å reisa kamp mot krigen.

100 år siden 1. verdenskrig

Britisk krigspropaganda. Plakat fra Imperial War Museum. © NC-71310Krigs-propaganda som minner om det vi hører i dag? Plakat fra Imperial War Museum. © NC-71310I desse dagar er det vel 100 år sidan starten på den første verdskrigen (28. juli 1914). Dette utvikla seg til den største og blodigaste krigen verda hadde sett til då, med noko over 8,5 millionar falne.

Årsakene til første verdskrigen blir, som ved dei fleste andre krigar, ofte framstilte på ymse vis. Alt frå reine tilfelle via personlege og psykologiske årsaker hjå ymse framståande aktørar, til krav om nasjonal frigjering frå «nasjonane sitt fengsel», Austerrike-Ungarn.

Skota som vart fyrte av den bosnisk-serbiske nasjonalisten Gavrilo Princip i Sarajevo 28. juni det same året, og som drap tronfylgjaren i Austerrike-Ungarn, Franz Ferdinand, var nok ein utløysande faktor til at krigen braut ut nett då, men langt frå årsaken til krigen. Hovudårsaken til den første verdskrigen var imperialismen.

Årsaken til krigen var soleis langt frå noka tilfeldigheit, men uttrykk for kalkulerte, forsettelege og planlagde handlingar i jakta på marknadar og økonomisk vinning.  Det imperialistiske verdssystemet har som sin føresetnad stadig jag etter marknadar, territorium og maksimal profitt. Verda var i 1914 delt opp i koloniar, interessesfærar og marknadar mellom dei ulike større imperialistiske maktene. Samstundes utviklar dei imperialistiske landa seg ujamt økonomisk, slik at nokon styrkar seg medan andre svekkjast. Seint på 1800-talet styrka særleg den tyske og den amerikanske økonomien seg ved omfattande industrialisering og teknologiske nyvinningar, medan den britiske sakka akterut. Økonomisk styrke må kunne hevdast med militære middel, og dette førte til ei sterk militær opprusting, særleg i Tyskland men etterkvart òg i Storbritannia og Frankrike. Den moderne militærindustrien slik vi kjenner han i dag vaks fram i denne tida. Samstundes inngjekk dei ulike imperialistiske landa i forskjellige militæralliansar til gjensidig støtte og forsvar ved konflikt og krig.

Desse militæralliansane, saman med dei store kolonirika og tilhøyrande interessesfærane som dei ulike imperialistiske stormaktene hadde, førte til at det som var ein krig mellom europeiske land raskt spreidde seg til heile jorda. Og då med dertil høyrande omfattande konsekvensar når det gjaldt  liding og daude og blodspille.

Korleis er stoda i Europa no vel 100 år etter utbrotet av den første verdskrigen? På mange vis forbausande lik som tidleg på 1900-talet, sjølv om statsdanningane som inngår i konfliktane delvis er andre. Det er framveksande stormakter som krev meire plass, som EU. Det er stormaktar som talar om fred, men rustar til krig, som EU og Russland. Det er nasjonar som vil ut av dei statane som dei inngår i no, som stoda er i Spania, Storbritannia, Romania, Russland, Ukraina og Georgia. Det er statar med høgreekstreme i regjeringa, som i Ukraina. Det er open krig, so langt mest via stedfortredarar, som i Ukraina. Ulike internasjonale organisasjonar har korkje legitimitet eller styrke til å stogge krigen i Ukraina, medan landa i Vest-Europa med EU i spiss og Noreg diltande etter gjev massiv einsidig støtte til det sitjande regimet i landet. Ikkje nett gode framtidsutsikter for freden i Europa.

Samstundes med dette er dei politiske kreftene som går mot ein ny imperialistisk storkrig historisk svake, og få røyster åtvarar mot det som skjer. Det hastar med å reisa kamp mot krigen. Det viktigaste vi i Noreg kan gjera mot krigen no er å reisa kamp mot Nato.

STOPPNATO

Stadig aktuell!